16. april blir 222 000 innbyggjarar i Vestland inviterte til Folkehelseundersøkinga. Dei som er plukka ut, får invitasjon via Helsenorge på SMS, e-post eller i appen.

Folkehelseundersøkinga 2026 i Vestland er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune. Resultata vil syne korleis det står til med helse, trivsel og livskvalitet hjå den vaksne befolkninga i Vestland. Det er nyttige data for både kommunane og fylkeskommunen.

Bruk stemmen din og ta undersøkinga.