Modalen kommune
Influensa- og koronavaksine haust-23
Vaksinering på helsesenteret hausten 2023:
?Mandag 23. oktober 2023 klokka 10 – 17
?Torsdag 26. oktober 2023 klokka 10 –17
Du treng ikkje bestille time, berre møt opp. Du kan få influensavaksine og oppfriskingsdose med koronavaksine samtidig. Du kan og få vaksinane når du kjem til legetime. Born kan få vaksine på helsestasjonen.
Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad får tilbod om influensa- og koronavaksine der dei bur.
Du må betale kr 250 for influensavaksinen. Koronavaksinen er gratis. Om du ønsker pneumokokkvaksine kostar den kr 450.
Det blir sett opp fleire dagar med massevaksinasjon i haust/vinter. Det beste er å ta vaksinen så snart som råd.
Kven bør vaksinere seg mot influensa og korona hausten 2023?
?Alle frå fylte 65 år
?Gravide etter 12. svangerskapsveke
?Premature fødde born
?Barn og vaksne med ulike kroniske sjukdommar
?Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
?Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte
For meir informasjon om dei ulike vaksinane, sjå
https://www.fhi.no/ss/korona/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/#vaksineanbefaling-for-hsten-2023