VAKSINERING PÅ LEGEKONTORET FRÅ VEKE 33
TYSDAG OG TORSDAG KLOKKA 14-16

Me ser ein auke i luftvegsinfeksjonar når folk kjem heim frå ferie. Det kjem og nye virusvariantar av korona som er meir smittsame.
Det er difor viktig at alle over 65 år tek fjerde vaksinedose. Alle med alvorleg svekka immunforsvar bør ta ein femte vaksinedose for i sikre god beskyttelse mot koronasjukdom.
Kommunen har allereie vaksinert dei fleste med 4. og 5. dose no. Frå neste veke 33, vil difor tilbodet om koronavaksine finne stad på legekontoret kvar tysdag og torsdag klokka 14-16. Det er berre å møte opp!
Du kan no halde fram med ein normal kvardag utan eigne smitteverntiltak mot covid-19. Helsepersonell følgjer eigne retningslinjer.
Du kan leve som normalt ved lette symptom på forkjøling. Om du kjenner deg sjuk med allmennsymptom og symptom frå luftvegane hald deg heime til du er frisk. God hygiene og munnbind hindrar smitte vidare. Om du er uroa for alvorleg sjukdom kontakt legekontoret.
For mei informasjon, følg lenka
https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/