KOM PÅ LEGEKONTORET, SKULEN ELLER I BARNEHAGEN Å FÅ HURTIGTESTAR!
Me er i ei tid med aukande smitte. Takka vere vaksineringa vert dei smitta ikkje så sjuke. Sjukdomen er framleis alvorleg for dei som ikkje er vaksinerte.
Kommuneoverlegn oppmodar difor alle til å teste seg sjølv med hurtigtestar når dei er forkjøla eller småsjuke. Me deler ut hurtigtestar og opplæring til alle som vil. Me gjer PCR testing på legekontoret når det er naudsynt. Om du testar deg og går i isolasjon om du har positiv test gjer det at smitten i samfunnet vert lågare og færre vert sjuke. Slik kan du vere med å avgjere om smittetrenden no skal gå nedover att!
Ring koronatelefonen 94507378 eller legekontoret 56599040 om du lurer på noko