INFORMASJON LEGEKONTORET I MODALEN
Vi er inne i ein periode med særs dårleg legedekning i Modalen no.Vi er klar over at det har vore slik ei tid, og kan berre beklage dette. Rekruttering av legar er ikkje ei lett oppgåve i kommunenorge.
Fram til ny kommunelege starter andre veka i november og ei tid deretter vil legetenesta ikkje klare å handsame alle henvendingar.Kommuneoverlegen er i Modalen onsdag og torsdag, og kan i den tida berre ta hand om akutte henvendingar.Fornying av resepter må skje desse dagane, og vi ber dykk planlegge fornying av reseptar som er naudsynte.
Etter avtale med kommuneoverlegen i Vaksdal kan pasientar som er heimehøande i Vaksdal vende seg til heimkommunen om helsetenester som er naudsynte og ikkje kan vente.Kommuneoverlegen i Modalen ber om orsaking for at alle helseproblem og reseptar som ikkje er naudsynte og kan vente må vente. Samstundes minnar vi om at ein kan ringe legevakta 116117 ved akutte helseproblem.
Vi ber om forståing for situasjonen og kjem tilbake med meir informasjon i november.

Beste helsing
Grethe Fosse, spesialist samfunnsmedisinKommuneoverlege