Influensavaksine. Bør du vaksinere deg?
Det vert vaksinering på legekontoret den 27. oktober for dei i riskogruppe og 28.oktober for alle andre. Me begynner kl: 09.30
Du kan og ta vaksinen på time hos legen. Kontakt legekontoret for avtale.
Omkring 1,6 million menneske i Norge har auka risiko for alvorleg influensasjukdom.
Du bør ta influensavaksine årleg om du høyrer til ei av desse gruppene:
• Bur i omsorgsbolig og sjukeheim
• Er over 65 år
• Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med tilleggsrisiko.
• Premature barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 måneder til 5 år
Barn og voksne med følgjande sjukdomer bør vaksinere seg:
• kronisk lungesjukdom (astma),
• hjerte- og karsjukdom (gjeld ikkje høgt blodtrykk som er godt behandla),
• diabetes type 1 og 2
• leversvikt eller nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt om du har nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
• nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommer)
• svært alvorleg fedme (KMI over 40)
• annan alvorlig og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personer med medfødte kromosomavvik, genetiske syndromer og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan plass)
• I tillegg vil med råde influensavaksine til:
• Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesten som har nær kontakt med pasientar i behandling eller pleie
• Personer som bur sammen med (eller er tilsvarende nære) immunsupprimerte
• Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.

Vaksinen er gratis for tilsette i kommunen, dei som hører til riskogruppene og dei med frikort.
For andre vil det koste 50kr.