Koronavaksinering veke 26-30

Me er no i gang med å vaksinere og gi tilbod om Pfizer vaksine til prioriteringsgruppe, alder 18-24 år og 40-44 år. Heile årskullet 2003- får tilbod om koronavaksinen, me er også begynt på lærere og barnehageansatte, desse vil få beskjed.

Me vaksinerer fortløpande etter retningslinjer frå FHI, sjå prioriteringsrekkefylgja under:

 

Prioriteringsrekkefylgje:

Bebuarar i sjukeheim

Alder 85 år og eldre

Alder 75-84 år

Alder 65-74 år

og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp

Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstander

Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstander

Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstander

Alder 55-64 år

Alder 45-54 år

Alder 18-24 år og 40-44 år

Alder 25-39 år

Dersom du har ein underliggande sjukdom og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du ta kontakt med legekontoret på tlf. 56599040.

 

Dei underliggande sjukdommane er:

 

Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon

Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdomar

Diabetes

Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året

Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare

Demens

Kroniske hjarte- og karsjukdom (med unntak av høgt blodtrykk)

Hjerneslag

Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit endå berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordrar alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.

Me vil vaksinere torsdagar frå og med veke 26, til og med veke 30 på Helsesenteret. Ber om at du møter presist til timen du har fått.

Er du nyleg flytta til kommunen og ynskjer vaksine, ta då kontakt med legekontoret.