Vaksinering Modalen kommune.Status pr. 14.06.21: 160 personar frå Modalen kommune har fått dose 1+2. 138 personar har fått dose 1. 36 personar frå Vaksdal, med fastlege i Modalen, har fått dose 1+2.  Uvaksinerte  frå Vaksdal, med fastlege i Modalen, vil frå no få tilbod om vaksine i Vaksdal. Om du ikkje har høyrt noko frå Vaksdal, må du ta kontakt dit.Alle pasientar som er vurdert som risikopasientar har no fått tilbod om vaksine. Personar i gruppe 9,  fødd i 1960-1970, vert no tilbydd vaksine. Det vert vaksinering ved Helsesenteret kvar veke i sommar. Det er enno uklart kor mykje vaksiner me får, men me har fått melding om at talet på vaksinedosar  skal auke utover sommaren.  Merk: Det er ikkje mogeleg å få utsett vaksinedosane. Så om du får tilbod om dato, må du ta denne. Det vert gjeve beskjed på telefon ca. 1 veke før vaksinasjonsdato.