Legekontoret er ope: måndag, tirsdag og torsdag.

Lege Svein Gunnar Sivertsen er på kontoret tirsdag og torsdag.

Onsdagene er Grethe Fosse her for vaksinering.

 

I sommer vil det i veke 28 til veke 30 (12-30.juli) vere lege her kun torsdager! Dette blir for vaksinering og akutte timar, legen tar også då reseptar. Hugs å bestille alle fast medisin i god tid før sommaren.

Nytt om vaksinasjon mot korona.

Det vil bli vaksinering kvar veke i sommar, og me har fått beskjed om at det vil kome fleire vaksinedoser til kommunane framover. Kor mange dosar me får kvar veke, får me beskjed om ca 10 dagar før leveranse. Me ringjer til dei som blir tilbodne vaksiner ca 1 veke på førehand. Mange kan forvente å få tilbod om vaksina i ferien sin. Ver klar når me ringer.

 

Me følgjer nasjonal prioriteringsrekkefølgje. Dei som står for tur blir kontakta av oss for å få vaksinasjonstidspunkt. De treng ikkje ringe oss. Me forstår folk gjerne vil planlegge, men me kan ikkje seie eksakt dato for vaksinering lenge på førehand, grunna at me får oppgitt kor mange dosar me får tildelt ca 1 veke før dei kjem.

Ferieavvikling og testing for korona i sommar.

I veke 28-30 er legekontoret ope kun torsdagar.

Sørg for å avklare alt du kan før ferien, og bestill medisinar i god tid. Treng du å nå oss desse vekene, kan du bruke helse-norge eller bruke sms-tenesta

Dei som treng test for korona desse vekene, kan ta kontakt med oss på eigen

korona-telefon 94507378

Me tek testar ca kl 13 . Ring på førehand for avtale for i ferien kan dette variere.