Vaksinasjon mot korona.

Fram til veke 19 har me i Modalen sett 174 vaksinedoser mot Covid-19. 100 personar har fått 2 dosar, og 74 har så langt fått 1 dose. Dette inkluderer både folk frå Modalen og Vaksdal.  Me har kun fått vaksine frå BioNTec-Pfizer, og det er denne vaksina alle har fått.

Fram til no har det vore intervall på 6 veke dette blei endra frå 3/5 til 12 vekes intervall. 

 

Me følgjer nasjonal prioriteringsrekkefølgje. Dei som står for tur blir kontakta av oss for å få vaksinasjonstidspunkt. De treng ikkje ringe oss.  Me forstår folk gjerne vil planlegge, men me kan ikkje seie eksakt dato for vaksinering lenge på førehand, grunna at me får oppgitt kor mange dosar me får tildelt ca 1 veke før dei kjem. Når me nærmar oss ferdig med personar over 65 år og risikogrupper, planlegg me å sende ut informasjon om vidare vaksinasjon av dei under 65 utan risikofaktorar.

 

Personar busett i Vaksdal med fastlege i Modalen kan få vaksine her. Mange har sagt at dei ynskjer dette. Dei blir også oppringt av oss, når det er deira tur for vaksine. Men merk: Alle som ynskjer vaksina gitt på Dale, må melde seg i Vaksdal kommune sitt system   (dette gjeld personar som bur i Vaksdal).