Bestill time med SMS

Send til 2097:

MODALEN fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

MODALEN 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer
Viktig informasjon om Koronaviruset

Om oss

LEGEKONTOR

Det er ein legeheimel i Modalen, kombinert fastlege- og kommunelegestilling. Vi samarbeider med andre Nordhordlandskommunar om legevakt i Knarvik. Der får innbyggjarar i Modalen hjelp når det ikkje er lege i Modalen.

Legekontoret har vanleg opningstid måndag, tysdag og torsdag. Frøydis Gullbrå er fastlege ved kontoret, i tillegg er lege Willy Davidsen tiltstades nokre dagar, mellom anna ved fastlegens sitt fråvær.

Mål

Sikra våre listepasientar eit tilfredsstillande allmennlegetilbod med

-god tilgjengelegheit

-akseptable ventetider for legetime

-fagleg forsvarleg kvalitet på tenesta. 

Vi gjev legetenester til pasientar som har fastlege i Modalen, og naudsynt helsehjelp til andre som oppheld seg her:

----------------------------------------------------------

HELSESTASJONEN

Helsesøster er i Modalen 1 dag kvar veke.

Kommunen har avtale med Masfjorden kommune,  helsesøster Marta Midtbø vil arbeide hjå oss 1 dag i veka. Ho vil stort sett vere her torsdagar.

Ho kan treffast på mob. 99526851.

Målgruppa for skule- og helsestasjonstenesta er born og unge i alderen 0 - 20 år. Tenesta er lovpålagt og skal førebyggje sjukdom, fremja god fysisk og psykisk helse samt fremja gode sosiale og miljømessige forhold for barn og unge.

 

Helsestasjonen tilbyr:

-------------------------------------------------------

FYSIOTERAPI

Fysioterapitenesta i Modalen kommune utgjer eit årsverk. Fysioterapeuten heldt til i Helsesenteret på Mo, og er to dagar for veka på Modalstunet. Elles har fysioterapeuten ambulerande og stasjonær teneste for pasientar i alle aldrar

Alle skal kunne få tilbod om tenesta uavhengig av om dei bur heime eller på institusjon. Brukarane sjølv, pårørande/foreldre og samarbeidspartar kan ta kontakt.

 

Tenesta omfattar:

---------------------------------------------------

PSYKISK HELSETENESTE

Lokalt psykisk helsearbeid skal bidra til fleire friske leveår for befolkninga og redusere negative konsekvensar av rusmiddelbruk og psykiske helseproblem for den enkelte, for tredjepart og for samfunnet. Arbeidet skal bidra til å fremje meistring av eige liv. Pårørande til menneske med rusmiddelproblem eller psykiske helseproblem skal sikrast nødvendig støtte og avlasting.

Den psykiske helsetenesta i Modalen kommune har og ansvar for tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. 

Den psykiske helsetenesta utgjer til saman to årsverk. Det er tilsett personale med vidareutdanning i psykisk helsearbeid i 1,8 % av stillingane. Hausten 2015 vart det i tillegg tilsett kommunepsykolog i 10 % stilling. Dette er eit samarbeid med Masfjorden og Gulen kommunar. Ca 10 % stillingsressurs har vore brukt til personale som gjev individuell jobbstøtte.

 Mål

Den psykiske helsetenesta i Modalen kommune skal vera eit lågterskeltilbod. Dette betyr at pårørande, brukar sjølv eller andre i hjelpeapparatet er velkomne til å ta direkte kontakt. Det er ikkje naudsynt med tilvising frå lege. Terskelen for å snakke med psykiatrisk sjukepleiar skal vera like låg som å ha kontakt med helsesøster, fysioterapeut eller lege.