Bestill time med SMS

Send til 2097:

MODALEN fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

MODALEN 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer
Viktig informasjon om Koronaviruset

medisiner før sommeren

29. april 2021

Vær i god tid med bestilling av medisiner i sommer då det blir redusert bemanning på legekontoret. 

legedekning ut året.

17. mars 2021

Legesituasjon framover

Me søkjer no etter ny lege i stillinga som kommuneoverlege, og håpar å ha ein god kandidat på plass her så snart som råd. Frøydis Gullbrå arbeider ut april, men med lite pasientretta arbeid siste månaden. Lege Svein Gunnar Sivertsen, som har arbeidd nokre månader i Modalen, vil halde fram i kommunen eit par dagar i veka utover året.

Dette vil sikre kommunen legetenester og vil vere god overlapp inntil ny lege er på plass.

div info ang vaksinering

17. mars 2021

Vaksinasjon mot korona.

Fram til 17.mars har me i Modalen sett 122 vaksinedoser mot Covid-19. 48 personar har fått 2 dosar, og 26 har så langt fått 1 dose. Dette inkluderer både folk frå Modalen og Vaksdal.  Me har kun fått vaksine frå BioNTec-Pfizer, og det er denne vaksina alle har fått.

Fram til no har det vore intervall på 3 veker mellom 1 og 2. dose, men for dei som får 1.dose av denne vaksina etter 15.3, vil no doseringsintervall vere 6 veker.

 

Me følgjer nasjonal prioriteringsrekkefølgje. Dei som står for tur blir kontakta av oss for å få vaksinasjonstidspunkt. De treng ikkje ringe oss.  Me forstår folk gjerne vil planlegge, men me kan ikkje seie eksakt dato for vaksinering lenge på førehand, grunna at me får oppgitt kor mange dosar me får tildelt ca 1 veke før dei kjem. Når me nærmar oss ferdig med personar over 65 år og risikogrupper, planlegg me å sende ut informasjon om vidare vaksinasjon av dei under 65 utan risikofaktorar.

 

Personar busett i Vaksdal med fastlege i Modalen kan få vaksine her. Mange har sagt at dei ynskjer dette. Dei blir også oppringt av oss, når det er deira tur for vaksine. Men merk: Alle som ynskjer vaksina gitt på Dale, må melde seg i Vaksdal kommune sitt system   (dette gjeld personar som bur i Vaksdal).

testing i jula

21. desember 2020

I modalen har me ope for corona testing 21,22 og 28/12, dersom noken har sympt og ynskje og testa seg utøve desse tidene kan de benytte deke av test stasjon i bergen Drop in . Minner også på at om ein har luftvegsympt skal ein holde seg heime i karantene , kan også vente noken dager og sjå om det går øve.  

17 desember

7. desember 2020

17 desember stenger me etter lunch. 

Tom for vaksiner

3. november 2020

Me er no tom for vaksiner, det kan skrives ut resepter for apotek for dei i risiko gruppen som ikkje har fått,  men det minker på vaksiner i heile landet. 

testing av corona

7. september 2020

Ring for og avtale Corona testing, dette tar me etter lunch utenfor helsehuset. 

psykolog

3. september 2020

Psykolog John Petter Wadseth startar i 20% stilling i Modalen frå 21.sept.

Han vil her vere kommunepsykolog, og det skal vere låg terskel for å få kontakt med han.

Me gler oss til å få ein ny fagperson å samarbeide med, og trur dette vil vere bra for innbyggjarane i kommunen!

 

 

 

Frøydis Gullbrå

Kommuneoverlege PhD

Modalen kommune

Mo 4

5729 Modalen

Froydis.gullbra@modalen.kommune.no